Personvernerklæring Nettprospekt.no

Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Sydvest AS, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

  • Google Analytics (besøksanalyse og statistikk)
  • Google Maps (lokasjonsdata)
  • Youtube/Vimeo (besøksdata, visningsdata)
  • Kontaktskjema (namn, e-post, telefonnummer)

Kva er ein «cookie»?

Ein cookie – på godt norsk kalla «informasjonskapsel» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan inneholde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande.

Besøksanalyse og statistikk

Google Analytics er eit verktøy for å analysere trafikken på nettstaden vår, levert av Google Inc («Google»). Verktøyet nyttar cookies for å analysere korleis brukaren nyttar nettstaden vår. Denne informasjonen vert lagra på Google sine tenarar i USA.

Google lagar rapportar basert på denne informasjonen, og nyttar den til å vurdere bruken av nettstaden. Informasjonen kan bli delt med tredjepartar dersom det er kravd ved lov, eller i tilfeller der tredjepartar behandlar informasjon på vegne av Google.

IP-adresser samla inn av Google Analytics er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til brukaren.

Les meir om korleis Google handterer data her.

Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise vår lokasjon. Google Maps kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse.

Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Google handterer data her.

Videovisning

Me nyttar Youtube/Vimeo for å vise filmar på nettstaden vår. Desse hentar inn informasjon som IP-adressa di, kva nettlesar du nyttar, teknisk informasjon om enheten din og kva tidspunkt du besøker sida.

Informasjon samla inn av Youtube/Vimeo vert lagra på Google/Vimeo sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Vimeo handterer data her.

Les meir om korleis Youtube handterer data her.

Kontaktskjema

Våre kontaktskjema samlar inn namn, e-post og telefonnummer frå brukaren som sender inn skjemaet. Denne informasjonen vert sendt direkte på e-post til mottakaradressa, og er ikkje lagra på vår tenar. 

Generelt

Selskapa Sydvest AS, Axenta AS og Webhuset AS har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.

For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:

Jostein Sydnes
Dagleg leiar, Sydvest AS
+47 913 71 097
jostein@sydvest.no