Type: Ni-mannsbustad

BRA: ca. 76m2 og 85 m2

Omsøkt Husbank­finansiering

Ni husvære sentralt i Sveio sentrum. Med kort veg til kommune­senter, butikkar, bank, skule og barne­hage. To til tre soverom og alt på eitt plan. Heis og livsløp­standard.

Lettstelte og moderne husvære,

landleg og sentralt i Sveio sentrum

Sørvendt husvære
med gode solforhold

Landleg, solrikt og sentralt i Steinhaugvegen får du utsikt mot sør. Der kan ein skimte Vigdarvatnet og Sveio kyrkje, alt etter kva etasje du er i.

Alle leilegheitene har terrasse med utsikt og gode solforhold, ettermiddag og kveld. Utvendig vert det opparbeida leikeplass og fellesområde med benkar for sosialt samvær.

Området

Steinhaugvegen i Sveio sentrum bur du sentralt til i eit etablert bustadområde berre 500 meter frå både butikkar, kommunesenter, bank, barnehage og skule, og du har lett tilgang til det meste du treng.

Området ligg fint til med mellom anna turløyper like utfor døra og mange fine tur- og friluftsområde like i nærleiken. Ikkje langt vekke finn du Sveio sin golfbane med 18 hol.

Bustadane

Dei ni leilegheitene i Steinhaugvegen passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar. Her kan førstegongsetablerarar med små born få den gode starten på familielivet. Og her kan seniorar som ha eit litt enklare liv, og finna seg vel til rette. Eigen heis sørger for enkel adkomst for alle.

Vendt mot vest ligg området lyst og fint til, med gode solforhold.
Leilegheitene vert i utgangspunktet levert med ei standard løysing for parkett, fliser, kjøken, kvitevarer og farge på innvendige flater. De som kunde får høve til å setja dykkar eige preg på bustaden, ved at me tilbyr fleire tilvals- moglegheiter.

Utvendig får kvar leilegheit eigen terrasse, sportsbod og parkeringsplass. På tomta vert det opparbeida skjerma leikeplass med benkar. Dette vert ein naturleg og koseleg samlingsstad for store og små.

Omsøkt Husbank-finansiering
Dei ni leilegheitene i Steinhaugvegen er tilpassa Husbanken sine krav til finansiering. Husbanken har gunstig rente og avdragsfridom ved bustadkjøp, og kan gje lån på inntil 80 % av kjøpesummen.

Fellesareal

Utvendig blir det opparbeidd eit fellesområde med leikeplass. Dette fellesområdet vert planert med sand, singel og tilsådd mold. For å gjera leike- og samlingsplassane endå trivelegare, blir det også planta epletre, bærbuskar og andre planter – og det blir montert eit reilestativ, sitjebenkar og sandkasse.

På fellesområdet blir det også tilrettelagt parkeringsplassar for kvar bueining samt gjesteparkering og handikap-parkering. Kvar eining disponerer eigen
sportsbod. Alle vegar og biloppstillingsplassar inn mot inngangsparti vert asfalterte. Det vert satt opp eigne miljøhus for bossdunkar. Sameiget organiserer arbeidet med utplassering av dunkar for tømming.

Det vil bli oppretta eit eige sameige som skal administrera fellesareal, serviceavtale på brannsprinkling og andre felles interesser i tunet. Alle husstandar pliktar å vera med i sameiget.

Fakta om husvære:
• Ni leilegheiter i bustadbygg med utsikt
• Sveio sentrum
• To og tre soverom
• Terrasse med gode solforhold
• Bruksareal: 76 m2 og 85 m2
• Leikeplass og sportsbodar
• Produksjonstid 13 mnd* med forbehold om 60 % selde
*Kan ferdigstillast tidlegare.

Husvære A

Husvære B

Husvære C

Fasade nord

Fasade vest

Fasade sør

Fasade aust

BRA SOVEROM
Leilighet 1a 85,6 m2 3 soverom
Leilighet 1b 76,8 m2 2 soverom
Leilighet 1c 85,6 m2 3 soverom
Leilighet 2a 85,6 m2 3 soverom
Leilighet 2b 76,8 m2 2 soverom
Leilighet 2c 85,6 m2 3 soverom
Leilighet 3a 85,6 m2 3 soverom
Leilighet 3b 76,8 m2 2 soverom
Leilighet 3c 85,6 m2 3 soverom

Nøkkeleigenskapar:
• Funksjonelle leilegheiter med god solforhold.
• Passar for folk i alle aldrar og livssituasjonar.
• Nær butikk, skule og barnehage.
• Triveleg og barnevennleg uteområde som legg til rette for eit godt sosialt miljø.

Regulering
Bustadene vert seksjonert ut på ei felles sameigd tomt i eit område som er regulert til bustad­formål, i samsvar med gjeldande regulerings­plan og føresegner.

Tilkomst:
Frå E39 tar du av mot Sveio og følger fylkesveg 47 til du kjem til oppmerka skilt mot Sveio sentrum. Ta av på Sveiogata og så første til høgre etter kjøpesenteret i Sveio sentrum. Følg Steinhaugvegen til første avkjørsel til venstre. Køyr til endes. Då vil du sjå området rett fram og til høgre.

© 2019

Design og utvikling av Byrået Sydvest

Visning etter avtale.
Ta kontakt med:

Bjørn Storebø
Telefon: 982 89 939
E-post: bs@valvatne.no